tirsdag 26. august 2008

Nytt år, ny blogg

Ja så var me igong med eit skuleår. Som ifjor skal me blogge i år og, men i år på ein anna måte. Ifjor hadde mange små innlegg med refleksjonar og tankar om undervisninga og temaene me gjekk gjennom der. I år skal det berre vera 5 innlegg i bloggen, men desse skal vera fordjupningsinnlegg. Me har berre blogging fram til jul, så det gjeld å henge med i svingane. Kva for tema og vinkling kan me velje, så lenge det er innanfor noko i pensum. Eg veit ikkje enno kva for tema eg skal ta føre meg, men eg reknar med eg får nokre idear etter kvart som eg vert litt betre kjend med kva temaene for i år inneber. Det er sjølvsagt mykje interessant å velje i, noko som gjer det enno vanskelegare å finne dei rette tinga. Då er det godt å vete at me har nokre innlegg, slik at me kan få meg alt me ynskjer.

Eg vil ynskje vårt nye medlem i klassen, Birthe, velkommen. Eg vonar at ho likar seg her hos oss, me er tross alt ein svært kjekk gjeng. Eg ser fram til praksis i dei kommande vekene, det blir mykje nytt og spennande. Eg har sett på listene at eg skal vera på 2.trinn og eg gledar meg allereie. Det blir spennande å treffe klassen neste måndag. Eg har trua på at dette blir eit lærerikt og kjekt år. Nye praksisgrupper, nye praksistrinn, nye erfaringar.

Ein liten ekstra opplysning for dykk lesarar er at målformen for mine innlegg kan variere. Det vil kome an på tema, lyst og litt kven som skal vera kritisk ven, men eg vil i hovudsak prøve og halde meg til bokmål. Treng jo øving på det til eksamen. Vonar det ikkje vert eit problem for dykk ;)

Innlegga mine kjem til å vera:
- leik
- den fleirkulturelle skulen
- dysleksi
- seksuelle overgrep
- spiseforstyrrelser